Våre rom
Dragsvik hotell har rom i unike former og fasonger - og ikkje eit einaste rom er likt. Mykje av historia vår ligg i veggane og vi elskar dei originale vinklane på romma og som også set sitt preg på heile hotellet.
Slapp gjerne av i ei koselig sittegruppe på rommet ditt. Nyt utsikten, les ei god bok du har med deg , eller berre finn roen og slapp av.
TV er ikkje på rommet. Dette er eit bevisst val vertskapet har gjort, slik at du heller kan nyte den vakre naturen medan du er her.
Kvil deg og lad opp, slik at du kan maksimere opphaldet ditt med dei flottaste naturopplevingane.
Dobbeltrom
Koselege gjesterom i hotellet og i Villa Bergtun. Vi har trivelege dobbeltrom i ulik størrelse og stil for inntil 2 personar. Gjesteromma har gode senger, ei enkel sittegruppe for avslapning og ulik utsikt.
Komfort dobbeltrom
Romslege komfort gjesterom i hotellet og i Villa Bergtun med god plass til 2 personar. Komfort romma har gode senger, sittegruppe, ulik utsikt og romslege bad. Romma har ulik stil og sjarm med kvar sitt særpreg.