Matfilosofi og kultur
Tidlig frå den spe oppstart av pensjonatet for 70 år sidan har det vore eit varmt hjarte for å lage rettar som bygger på kulturen og tradisjonane på plassen. Maten skulle vera både heimelaga og velsmakande. Damene som har stått for drifta på kjøkkenet, både Gjertrud og Turid har alltid hatt sansen for å bruke dei beste råvarer dei kunne få tak i, og det skulle alltid vere kvalitet på maten.
Dei laga dei mest smakfulle kjøtt – og fiskerettar, også delikate kaker og dessertar. Alltid laga med omsorg for nære råvarer og råvarer frå eigen produksjon i kjøkkenhagen og dyr på beite. Dette har sett sine spor – og det er med stor glede me tek med oss det me kan frå våre tradisjonar, blir inspirerte og bygger på samarbeide med lokale bønder og produsentar i området.
På kjøkkenet i dag gjer me også eit bevisst val av råvarer. Dei skal helst vere så kortreiste som mulig, og me hentar inn det finaste me kan få tak i. Rettane er gjerne inspirerte frå tida som var med inspirasjon og kompetanse frå det moderne kjøkkenet. Kulinariske rettar blir prøvt ut og nye matkonsept blir skapt, alltid med mål å bevare dei norske mattradisjonane og skape sunn matglede.
Menyen følger årstidene og tilgang på råvarer
Sommarstid byr vi på ein liten a la carte meny, der du som gjest kan velge ein smakfull hovedrett eller du kan sette sammen din eigen 3 rettars meny, med forrett, hovedrett og dessert. Enkelte retter varierer som regel fra dag til dag, alt etter dei råvarer vi har tilgang på. Men det er også rettar som er fast på menyen.
Som husets burger og andre spesialitetar for sesongen. Kokkane våre tilbereder rettane med ferske råvarer og legg sin lidenskap i å presentere alt smakfullt og delikat. Vi har også mulighet til å servere vegetariske rettar, og rettar etter eige ønskje, dette er lurt å snakke med oss om på forhånd.
Me serverer med glede eit heimelaga godt måltid for deg!