Velkomen til det gode livet ved fjord og fjell
Dragsvik Fjordhotell
Ved idylliske Sognefjorden omgitt av vakker natur på halvøya Dragsvik i Balestrand, ligg det vesle, autentiske hotellet vårt.
Her kan du nyte fredfull idyll med praktfull utsikt til fjord, fjell og bre. La blikket falle ut over fjorden og senk skuldrane, langt bort frå kvardagens mas og kav.
Fokuset vårt er atmosfære og ro, og me ynskjer at du skal finne deg til rette og kjenne at du slapper av. Me byr og på lokale smakar på bordet.
Det er kort veg til kunstbygda Balestrand og flotte naturopplevingar ligg tett på. Me ligg langs den Nasjonale Turistvegen over Gaularfjellet, og like ved fergeleiet.
“Hjå oss bur du på eit tidlegare gardsbruk midt i det vakre fjordlandskapet”
Her hjå oss kan du nyte fantastisk utsikt i alle retningar og naturen venter på dørterskelen.
Det er lett å bli glad i denne plassen, og me vil så gjerne dele naturopplevingane, utsikta og atmofæren med deg.
Vår familie har vore her gjennom generasjonar og har sett sitt preg på bygningar og drifta. Det som ein gang var ein gard med dyr på beite og frukt og grønsker i hagen, er i dag eit sjarmerande lite boutique hotell.
Du er hjarteleg velkommen til å oppleve det.
Våre rom
Gjennom generasjonar med utviding og renovering har hotellet fått sin eigen spesielle stil.
Hjå oss finn du rom i ulike størrelser med kvar sin stil, og ikkje ei romløysing er lik. Me elskar bortgjøymde krokar, overraskande vinklar, og tek me dei vekk - så mister me litt av historien vår. Me bygger på det originale med moderne innslag. Historien er ein del av oss - og me er ein del av historien.
Våre hytter
I hagen finn du våre sjarmerande hytter. Frå utsida ser dei fleste like ut, men inni er historien ei anna.
Kvar hytte har sitt særpreg, og du kan nyte utsikt og eigen uteplass. Hyttene har kjøkkenkrok og bad, og har ulike størrelsar og stilar. Det er kort veg til både fjorden og hotellet. Dei ligg med god avstand til kvarandre, omgitt av naturlege grøne vekster, frodig grønt gras eller blåbærlyng. Når gjekk du barbeint i graset sist?
Opplevingar
Kjenn vinden ruske i håret på ein fjord-RIB tur, eller berre rusle i hagen?
Du kan setje kursen til fjords eller til ein unik fjelltopp. Frå hotellet vårt er det berre eit steinkast til fjorden, og naturopplevelsene står i kø like rundt hjørnet. Balestrand, med reiselivsmuseum og kulturtilbod ligg kun ein kort køyretur unna. Vil du roe heilt ned? Set deg gjerne i dei koselige omgivelsane, med ei god bok og gjerne noko godt i glaset.
Bedrifter & grupper
Ta med deg bedriften eller vennegjengen
Har du planar om å arrangere ei møtesamling eller eit teambuilding- treff som gir deg og teamet ditt eit pusterom i kvardagen og rom for å vere kreative?
Hotellet vårt er godt egna for små grupper til inspirerande, kreative og hyggelege samlingar. Me legg vekt på å skape ei intim, heimekoseleg og uformell atmosfære
“I eitt med naturen”
Naturen rundt oss er spektakulær, og her kan den nytast i fulle drag
Me har eit stort uteområde der ein kan rusle rundt og berre eksistere, gå ein liten tur på ein enkel sti nærare fjorden, eller finne ei bortgøymd perle.
Du kan ta deg ein rusletur gjennom den gamle frukthagen. Her vil du sjå det gamle gårdsbruket som er ein del av vår historie. Vidare kan du vandre ned til fjorden, kanskje du vil ta deg eit forfriskende bad?
Våre stier leder deg også til fleire små skjulte perler der ein kan stikke seg vekk for eit stille øyeblikk, og berre senke skuldrane
Sjå meir av stemninga hjå oss
Her kan du sjå bilder frå hotellet og naturen rundt oss.
Me er her for deg
No arbeider 3. og 4.generasjon saman om å gjere vårt kjære hotell til ein plass der du skal føle deg som heime.