Våre hytter
Me har fem sjarmerande hytter i hagen, alle med utsikt og eigen uteplass. Hyttene har ulik stil, størrelse og innreiing, og er individuelt utforma med sine eigne kvalitetar og særpreg.
Kvar hytte har si eiga stemning og sitt eige uttrykk, og skil seg noko frå kvarandre når det gjeld størrelse, stil og detaljar. Alle har den lune atmosfæren og den nære kontakten med naturen.
Hyttene ligg idyllisk til i eplehagen, perfekt for deg som ønskjer ei meir privat og roleg oppleving med vakker natur rett utanfor døra.
Fjord hytter
For 2 personar.
Hyttene har terrasse der du kan sitje å nyte den fine utsikten i fred og ro. I hyttene er det kjøkkenkrok og bad, oppreide senger med sittegruppe og spiseplass.
Kvar hytte har si eiga stemning og sitt eige uttrykk, og skil seg noko frå kvarandre når det gjeld størrelse, stil og detaljar.
Det er kort veg til hotellet - der vi tilbyr frokostservering, middagsservering og bar. Velkommen til å bestille bord.