Restaurant Jostefonn
Sett deg til bords i restauranten vår og la auge falle på fjord og fjelltoppar med glimt av Jostefonn - ein liten bré ved sidan av den store Jostedalsbrèen. Smakar maten bedre med den vakraste utsikten frå bordet?
I den vesle restauranten vår Jostefonn, serverer vi tradisjonelle rettar og husets spesialitetar basert på lokale råvarer. Me prøver å holde oss så lokalt som mogleg.
For oss som er små ligg det stoltheit i å bygge kvarandre sterke i eit lokalsamfunn. Difor ynskjer vi å handle så lokalt som mogleg.
Hjå oss kan du få husets hjorteburger eller lam som har beita i Grøndalen nær Jostefonn, eller kalv frå nabogårdane og lokalt røykt laks frå fjorden.
Opningstider
Vår restaurant Jostefonn er ope for middagsservering klokka 18.00 til 21.00 kvar kveld i sommarsesongen. Reservasjon må gjøres før 18.00
Vi serverer a la carte meny, nokre kvelder tilbyr vi kokkens tre-retters meny.
I periodar utanom sesong har vi diverse arrangement, som Chefs Table og Chefs Dinner i samarbeid med gjestekokkar og kokkane i Matgal.
Ta gjerne kontakt med oss for forespørsel om matservering eller arrangement.
Uteterasse & hagestove
Fjordutsikta er alltid best ute og me har ei flott uteterrasse og ei stor hagestove der du kan nyte utsikta i fulle drag.
Her sit du komfortabelt og fredfullt, og kan la blikket skape deg eit minne for livet. I det vesle lysthuset driv vi ein liten koseleg butikk.
På uteterassen og i hagestova kan du få servert kaffi, te og forfriskningar og det hender me har små arrangement.
Ynskjer du å innta ein lunsj eller middag i hagestova er det berre å ta kontakt. Vi hjelper deg gjerne.
Vår berekraft stil
Me ynskjer å støtte det norske landbruket og bidra til ei mer berekraftig verden. Derfor bruker vi alltid norske produkt, og me kjøper inn råvarer lokalt så langt me kan. I nærområdet har me mange dyktige bønder, jegere og leverandører som me samarbeider godt med leverer god kvalitet.
Heile Sogn og området rundt byr på ekte og attraktive produkt av ulikt slag. Dette set vi utruleg stor pris på og det gleder oss å ha dei like rundt hjørna. Her er det alltid norske råvarer, og aller helst så lokalt som mogleg, og maten er alltid heimelaga.
Matglede og opplevelsar litt utanom det vanlege
Av og til og som oftest utanom sesong, arrangerer vi gourmetkveldar med litt ekstra spiss på maten. Det begynte med samarbeidet med Thomas i Matgal som arrangerte det første Chefs Table, ein 9 rettars meny ein lys og vakker juni kveld i 2021 her hjå oss. Måltidet blei tilberedt og servert både utandørs og innandørs.
Etter dette har gourmet kveldene blitt fleire både med Thomas i Matgal og i samarbeid med dyktige gjestekokkar. Chefs Dinner er husets fem rettars opplevelsesmeny.
Afternoon tea & coffee arrangerer vi også utanom sesong. Vi følgjer årstidene og byr på menyar med salt og søtt, alltid hentar me inspirasjon frå årstida me er i, vår, haust eller jul.