HISTORIA VÅR

 

Familiegarden som vart gjestehus og hotell

Hotellet ligg på eit tidligare gardsbruk og vart bygd som eit lite gjestehus i 1953


Gjertrud Enka bilete.jpg

GJERTRUD

Grùnder enka

Gjertrud mista mannen tidleg og vart sitjande att med gard, butikk og postkontor aleine på Farnes. Ikkje lenge etter fekk ho anledning til å arve gard og jord på Dragsvik og valgte å flytte dit å bygge gjestehus.

 

FARNES

Bergtun, gjestehuset som vart flytta frå garden Farnes til Dragsvik

Gjestehuset Bergtun som ligg ved sida av hotellet, er eit hus som har ei historie og vart flytta med frå garden på Farnes då familien etablerte seg på Dragsvik. Bergtun er rusta opp i sin stil og inneheld i dag lyse og fine gjesterom

 
Farnes bilde.jpg
 
Generasjonar bilde.jpg
 

GENERASJONaR

Vertskapet Turid og Sigurd

Etter Gjertrud overtok Turid og Sigurd ( Gjertruds son ) drifta av gjestehuset. Turid og Sigurd vart vertskap frå midten av 60 talet. Dei la ned mykje arbeid og utvida fleire gonger, seinast i 1983 med fleire gjesterom og spisesal. I dag er hotellet eit typisk familiehotell med tredje generasjon - Anne Randi og Magnar som vertskap