Aboretumet.jpg

Aboretum

Kort spasertur frå hotellet til Lunde arboretum som ligg like ved den gamle og praktfulle prestegarden. Arboret er som ein liten park med mange ulike tresortar frå sydligare breiddegrader og frå heilt tilbake til 1800 talet.



IMG_4361.jpg

Emaljeverkstaden

Ekteparet Solveig og Rolf Haukaas arbeider med emalje på verkstaden sin som ligg 15 minuttars spasertur frå hotellet til Skrovlene. Open alle kvardagar. Som gjest på hotellet er du velkommen utanom opningtidene. Les meir her

 
 
 
IMG_7571.JPG

Topptur

Med Dragsvik som utgangspunkt kan du nå ei rekke flotte toppar. På merka stiar er Mastene med utsikt til fjord og fjell verdt turen, og Tjuatoten på 1098 moh med panoramautsikt over Sognefjorden og fjella. Fleire turar på Balestrand turkart.

IMG_5351.JPG

Vandring

Like ved hotellet finn du lette vandreruter, som fører deg til fjorden eller litt opp i høgden. På ettermiddag og kveld er det fint å nyte lyset og stemninga på fjorden. Klibberg natursti er enkel, der du opplev fantastisk natur som vi omgir oss med.

 
 
 
686.jpg

Fjord ekskursjon

Vil du oppleve Balestrand frå fjordsida kan du delta på unike fjordekskursjonar. Balestrand Fjord Adventure tilbyr ribturar i nærområdet og tur til Nærøyfjorden. Les meir her. Balestrand Fjord Angling tilbyr fjordsafari og fiske. Les meir her. Eller Opplev Sognefjorden i ein kayak med erfarne guidar. Les meir her.

IMG_5325.jpg

Kunstbygda

Balestrand er ei tradisjosrik turistbygd med tilreisande tilbake til 1800 talet. Kunstnarane kom til bygda og busette seg, seinare kom turistane. I dag er Balestrand kunstbygd, med fleire kunstnarar. Frå Balestrand sentrum kan ein følgje promenaden utover langs fjorden, der får ein auge på kulturatraksjonar i mellom anna sveitserstil.

 
 
 
Norsk reiselivsmuseum. © David Zadig

Norsk reiselivsmuseum. © David Zadig

reiselivsmuseum

Dersom du ynskjer å bli betre kjend med reiselivet si utvikling i Noreg bør du leggje inn eit besøk her. I moderne lokale kan du vandre deg gjennom historia til fjell- og fjord- landet vårt. I museumet finn du også café Vindreken. Les meir her

Utsikten, Nasjonal turistveg Gaularfjellet. © Per Ritzler / Statens vegvesen

Utsikten, Nasjonal turistveg Gaularfjellet. © Per Ritzler / Statens vegvesen

Gaularfjellet

Gaularfjellet er kjende for dei 9 hårnålsvingane som klatrar opp langs bratte fjellparti. Toppen har eit spektakulært utsiktspunkt. Ein finn også ei rekkje flotte vandreturar langs vakre fossar og elvar. Les meir her.

 
 
 
Fjærlandsfjord01med.jpg

Fjærland

Ein har moglegheit for flott båttur på Fjærlandsfjorden til isbrear og brèmuseum i Fjærland.  Avgang frå Balestrand 2 gonger dagleg om sommaren. Les meir her

704.jpg

Vik

Passajerar kan krysse Sognefjorden fritt på bilferja. Ta ein tur til Vangsnes og besøk majestetiske Fridtjofstatuen, og ta bussen vidare til Vik for å besøkje stavkyrkja og sjarmerande Vik. Les meir her.