Vangsnes-Feios-Fresvik

 

Vangsnes-Feios-Fresvik

 

Ei dagsutflukt langs Sognefjorden på sykkel...

 

Til Feios og Fresvik på sykkel

På Dragsvik fjordhotell kan du leige sykkel, og vi hjelper deg gjerne med gode forslag til utflukter.

Ein av dei mest populære dagsturane er å få oppleve perlene Feios og Fresvik, to små bygder på sørsida av Sognefjorden.

Ta ferja frå Dragsvik til Vangsnes. Her syklar du til venstra når du kjem av ferja. I det du set deg på sykkelen, sjå opp å få auge på den enorme Fridtjov-statua på Vangsnes.

Innover langs fjorden syklar du på ein roleg, flat og fin Vestlandsveg der du har god utsikt til Sognefjorden. Etter 8 km kjem du til den vesle bygda Feios: her er det butikk og du kan kjøpe mat og drikke. Syklar du 8 km. til kjem du til Fresvik, endepunktet på turen.
 
Nyt sykkelturen. Støle bein og bakendar får kvile godt på Dragsvik fjordhotel. Basecamp Sognefjord.

 

 

Tilbake

 


Accommodation in several price categories; attractive offers!

 

Book today

 

 

Contact us

 

Dragsvik Fjordhotell

 

N-6899 Balestrand
Norway

 

Tlf: 47 57 69 44 00 
Faks: 47 57 69 44 01

 

epost: mail@dragsvik.no

    Admin