
Fjordhytter langs Sognefjorden
Vi har 5 fjordhytter som ligg idyllisk til i ein frukthage like ved hotellet.
Alle hyttene har dusj/toalett, utstyrt kjøkkenkrok, uteterrasse med utsikt mot Fjærlandsfjorden, isbreen Jostefonn og fjellandsskap. To av hyttene; ”Laksen” og ”Øretten” er på 35-40 kvadratmeter, passar best til 2 personar, eitt par eller familie med små barn. Koselege hytter med intim innreiing.
Dei 3 største hyttene er på 50-54 kvadratmeter, med 5 sengeplasser fordelt på 2 soverom og opphaldsrom.
Kvar hytte har eigen parkeringsplass ca. 50 meter frå hytta. Kort avstand til fjorden, naturstiar og fjellturar.
Båtutleige: vi tilbyr alle våre gjester på hotellet og i hyttene leige av robåt (15 fot og/eller båt med motor (4hk).
Reservasjon/forespørsel seinast dagen før i resepsjonen.
Velkommen skal du vere!
Foto: Fjordhytte; Krabben