
Dragsvik Fjordhotell ved Sognefjorden
Din basecamp ved Sognefjorden
Dragsvik Fjordhotell er eit lite og sjarmerande hotell som ligg ved ei halvøy omkransa av fjord og fjell, Esefjorden (mot Balestrand), Sognefjorden, Sværefjorden, Vetlefjorden (mot Gaularfjell) og Fjærlandsfjorden.
Vi er ein stad for deg som ønskjer fred og ro om kvelden, men gjerne vil bruke dagen til turar, sykling, attraksjonar eller andre aktivitetar. Dragsvik fjordhotell er eit godt utgangspunkt for å oppleve Sognefjorden.
Så skal vi gjere vårt beste for at det og skal vere ein god stad å komme tilbake til på ettermiddagen etter ein dag med gode opplevingar.
Utsikten frå gjesterom og lokaler vender seg mot fjorden og fjellandskapet i ulike retningar, hotellet har ingen bakside. Unikt er og utsikten mot brearmen Jostefonn, som er den vestlige brearmen ved Jostedalsbreen - eit særmerkt syn frå hotellet sin spisesal mot fjordlandskapet.
Belliggenheita og naturen omkring er vår sterke fordel. Det er enkelt å kome seg hit med bil, og på same tida nyte fred og ro i naturvakre omgjevnader.
Hotellet ligg på eit tidlegare gardsbruk, der uteområdet vert høgt prioritert og skal utviklast som rekreasjons – og velværeområde i fri luft.

Hotellet ligg 9 km frå kulturbygda Balestrand, og gjester som kjem med båt frå Flåm eller Bergen kan vi henta og bringe til båtkaien i Balestrand. Hotellet tilbyr fri transport for fleirdøgnsgjester (min. 2 døgn) ved ankomst og avreise.
Dragsvik Fjordhotell legg vekt på intim atmosfære med personleg service. Personleg gjestekontakt i kombinasjon med fred og ro på naturperla Dragsvik er og vil vere varemerket.